Ide og inspirasjon
Ideen og arbeidet er kome til i den lukkelege stunda der fine ting fell saman i tid og rom: Når gode vårdagar lokkar til uteliv, fjørkledde byggmeistrar i nabolaget inspirerer, og kjærleiken til opne kulturmarker har gjeve uendeleg overflod av fine byggjematerialar etter vinterleg hogst og rydding. Ideen handlar også om å peike på verdien av leike ute, prøve sjølv, skape, lære og arbeide med hendene med materialar henta frå den nære naturen.

Aller mest for små hyttebyggjarar
Dei 6 kvisthyttene som står i Svinviks arboret under Norsk vandrefestival 2013 er laga spesielt for å gi inspirasjon til små hyttebyggjarar. Derfor får berre dei minste eksklusivt nyte kunstopplevinga fullt ut – og er hjarteleg velkomne til å krype heilt inn i hyttedraumen, enten den er å finne i Kvistreir med sideinngang og lysekrone, Roseslott med Kinatak (i alle fall nesten) eller i ein Kniplingstipi for godversdagar….. Her set berre fantasien grensene.

Kvistkunst med fleire meiningar
Fint å tenkje på er det også at denne kvisten er gått frå problem til glede. Verdifulle beitebakkar og slåtteenger er opna oppatt for blomster og sommarfuglar. Og kvisthaugane har gjeve litt lærdom og mykje handarbeidslyst.

Arbeidet rommar ei sterk oppfordring til å VERE UTE I NATUREN, LEITE, FINNE og PRØVE og LAGE. Å byggje kvisthytte er aktivt og skapande. Det gir også frykteleg mykje verdifull materialkunnskap og praktisk erfaring med berande konstruksjonar (så vel som ikkje-berande). Kurs i fletteteknikkar finst, men leikebygging med kvist og utan reglar, er enklare og artigare både for små og store.

Handarbeid med naturmaterialar
Alle hyttene er laga for hand og med enkle handreiskap, av berre nedbrytbare naturmaterialer – litt naturhyssing og fletta og tvinna kvistar frå bjørk, rogn, hegg og selje. Dette er heimlege treslag som finst rundt oss i overflod dei fleste stader. Så om du blir inspirert – pass på under neste hagerydding eller vedhogst, eller spør ein krattskogeigar om du får samle deg materialar til å verkeleggjere din eigen kvisthyttedraum!

 

Hyttene er laga og pynta av Dordi Kjersti Mogstad, og kvisten henta frå Austistua Mogstad i Surnadal.