FRIKAR vil framføre ein lett og mobil versjon av Draumefangaren som hadde premiere 1. august 2018 i Åbjørajuvet i Valdres. Konseptet er ei vandrevisning i natur der publikum kan setja saman ulike draumedelar til sin eigen draum. Siste post i vandringa er ekstra lang og er ein draum FRIKAR har lyst til å dele med publikum. FRIKAR ynskjer å invitere publikum med på ei lita reise inn i naturen inni og utanfor oss sjølve, og leggje att spor i sjela og ikkje i naturen. Difor bruker vi naturen som scenografi for nyskapande dans i skjæringspunktet mellom samtidsdans, akrobatikk, nysirkus og folkedans. Musikken er komponert av Bjarne Kvinnsland og musikaren som reiser med og er i stor grad laga av naturlydar. 

FRIKAR leikar seg i ein spennande blanding av parkour, break, halling, stunting, akrobatikk, dans og eleganse... Dei formidler særegen dansekunst i spenningsfeltet tradisjon og modernitet, helst på usedvanlige flater, gjerne bratte. FRIKAR har nasjonale dansere, og arbeider også internasjonalt.


Koreograf:  Hallgrim Hansegård
Musiker Andris Hemsing
Dansere:
Jon Filip Fahlstrøm
Antero Hein
Karoline Aamås
Sigyn Sætereng
Sikkerhetsteknikk:
Eskil Hovland
Kostyme:
Marita Solhjell Ølander
Musikk:
Bjarne Kvinnsland og Gåte

 

Tid Lørdag 18. august kl 19:00
Sted Møt opp ved aléen ovenfor småbåthavna på Prestegardsvegen i Tingvoll - forestillinga inneber litt vandring
Billetter

Billettar finn du på Ticketmaster. Salg også under festivalhelga og i forkant av forestillinga, kr 250,- Barn under 16 år kr 100,-

FESTIVALPASS? Vi gir god rabatt med fri tilgang til foredrag, FRIKAR-forestilling og dansefest. Kr 450 for alt (ord. pris kr 600). Selges i sekretariatet laurdag 18. august. Har du allerede kjøpt billett på Ticetmaster? Vis den ved kjøp av pass, vi fikser det! 

Barn og unge som har delteke på kurs i bevegelseskunst med FRIKAR fredag 17. aug. får forestillinga gratis inkl. en foresatt.

Informasjon

Les meir om Frikar her.
Sjå NRK-reportaste fra Draumefangaren
Les leder i Avisa Valdres

Kle deg etter vær, forestillinga blir ute.  Ta med deg sitteunderlag. Æresvandrer 2018  blir delt ut i tilknytning til forestillinga.
NB! Forestillinga inneber ei enkel vandring langsetter alléen fram mot Tingvoll prestegard og festivalbasen.
Ta en tur i Tipierestauranten på festivalområdet etter forestillinga,  her får du smake herlig Nordmørstapas. Få med deg ein allsidig festivalkveld.

Kurs Tingvoll: Fredag 17. august held FRIKAR kurs i bevegeleskunst i natur for unge. Dette kan du ikkje la være å sende dine håpefulle på!
   


Kjenner du ikkje til dei? Såg du Aleksander Rybak på Grand Prix i 2009? Han vann den europeiske finalen! Det var FRIKAR dansekompani som var det forrykande sceneshowet den gongen.

HER FINN DU PROGRAM FOR FESTIVALHELGA

 

Frå forestillinga Draumefangaren, alle foto: Antero Hein