Det er sjølvsagt kløvhest med, og vi tek pausar med bål, svartkjel og forteljingar ved biolog og kulturformidlar Nils Røv undervegs. Levande musikk ved Larsens kvartett, sal av rømmegraut og anna godt på Røstasetra der turen endar. Bilveg heilt fram dit denne helga. (Betal bom på Holtamoan)    

Turstart Laurdag 4. august kl. 10
Oppmøte Frå Rabbane (forbi steinbruddet oppi Vindølvegen)
Tidsbruk Set av dagen, 5-6 timar i passeleg tempo og med pausar
Aldersgrense Ingen, kjem an på, men kanskje 6-7  år?
Pris Turen er gratis, men det er sal av mat på setra
Påmelding Ingen
Arrangør og arrangørkontakt Kløvvegmarsjen ved Tove Mogstad Strand, tel 993 52 153
Informasjon Kle deg etter veret. Stort sett tørr sti, men kan vere vått enkelte plassar ved regn. Vi vadar over elva til slutt, men det går godt an å gå over hengjebrua på Pebua i staden. Ta med matpakke. Det blir matsalg på Røsta på enden av turen. (Kontant betaling)
For den som trenger det, er det mulig å kjøre helt opp. Returskyss ordner i vi i fellesskap.

PROGRAM FOR FESTIVALHELGA 17.-19. AUGUST

PROGRAM FESTIVALÅRET 2018