FRIKAR med spektakulær forestilling

15.08.2018
Frå forestillinga Draumefangaren med FRIKAR Foto: Antero Hein
Frå forestillinga Draumefangaren med FRIKAR Foto: Antero Hein

Draumefangaren: FRIKAR viser eit leikent, naturnært og interaktivt show med utgangspunkt i samtidskunst og tradisjonsdans. Du får sjå ein blanding av sirkus, akrobatikk og dans som utføres i og mellom tretoppar ned til bakkenivå. Vi lover ei fantastisk vandreforestilling og fasinasjon over kva som går an. Dette er samansmelting av natur og kultur på sitt beste! 

FRIKAR vil framføre ein lett og mobil versjon av Draumefangaren som hadde premiere 1. august 2018 i Åbjørajuvet i Valdres. Konseptet er ei vandrevisning i natur der publikum kan setja saman ulike draumedelar til sin eigen draum. Siste post i vandringa er ekstra lang og er ein draum FRIKAR har lyst til å dele med publikum. FRIKAR ynskjer å invitere publikum med på ei lita reise inn i naturen inni og utanfor oss sjølve, og leggje att spor i sjela og ikkje i naturen. Difor bruker vi naturen som scenografi for nyskapande dans i skjæringspunktet mellom samtidsdans, akrobatikk, nysirkus og folkedans. Musikken er komponert av Bjarne Kvinnsland og musikaren som reiser med og er i stor grad laga av naturlydar.

FRIKAR leikar seg i ein spennande blanding av parkour, break, halling, stunting, akrobatikk, dans og eleganse... Dei formidler særegen dansekunst i spenningsfeltet tradisjon og modernitet, helst på usedvanlige flater, gjerne bratte. FRIKAR har nasjonale dansere, og arbeider også internasjonalt.


Koreograf: Hallgrim Hansegård
Musiker Andris Hemsing
Dansere:
Jon Filip Fahlstrøm
Antero Hein
Karoline Aamås
Sigyn Sætereng
Sikkerhetsteknikk:
Eskil Hovland
Kostyme:
Marita Solhjell Ølander
Musikk:
Bjarne Kvinnsland og Gåte

Tid Lørdag 18. august kl 19:00
Sted Møt opp ved aléen ovenfor småbåthavna på Prestegardsvegen i Tingvoll - forestillinga inneber litt vandring
Billetter

Billettar finn du på Ticketmaster. Salg også under festivalhelga og i forkant av forestillinga, kr 250,- Barn under 16 år kr 100,-
FESTIVALPASS? Vi gir god rabatt med fri tilgang til foredrag, FRIKAR-forestilling og dansefest. Kr 450 for alt (ord. pris kr 600). Selges i sekretariatet laurdag 18. august. Har du allerede kjøpt billett på Ticetmaster? Vis den ved kjøp av pass, vi fikser det!

Barn og unge som har delteke på kurs i bevegelseskunst med FRIKAR fredag 17. aug. får forestillinga gratis inkl. en foresatt.


Informasjon

Les meir om Frikar her.
Sjå NRK-reportaste fra Draumefangaren
Les leder i Avisa Valdres

Kle deg etter vær, forestillinga blir ute. Ta med deg sitteunderlag. Æresvandrer 2018 blir delt ut i tilknytning til forestillinga.
NB! Forestillinga inneber ei enkel vandring langsetter alléen fram mot Tingvoll prestegard og festivalbasen.
Ta en tur i Tipierestauranten på festivalområdet etter forestillinga, her får du smake herlig Nordmørstapas. Få med deg ein allsidig festivalkveld.


Kurs Tingvoll: Fredag 17. august held FRIKAR kurs i bevegeleskunst i natur for unge. Dette kan du ikkje la være å sende dine håpefulle på!


Kjenner du ikkje til dei? Såg du Aleksander Rybak på Grand Prix i 2009? Han vann den europeiske finalen! Det var FRIKAR dansekompani som var det forrykande sceneshowet den gongen.

Frå forestillinga Draumefangaren, alle foto: Antero Hein