Matter, minner og markblomster

Naturnær utstilling av nye matter vovne av Kristin Skrøvset Mogstad, på låven i Austistua Mogstad. Mattene er inspirert av årstidene og markblomstrane, og her og der dukkar også gode minne frå avlagte og utslitne, men kjære klesplagg fram.
Det blir også Låvekafe og mini feltkåseri om markblomstrane i bakkane på Mogstad ved Dordi Kjersti Mogstad.
Tid: Lørdag 14. juli:
- Utstilling og låvekafe kl. 13-17
- Mini feltkåseri kl. 15-15.30
Sted: Austistua Mogstad, Surnadal
Ingen parkering i tunet. Parker ved Korsen grendehus på Honnstad, gå over brua, ta vegen til høgre og opp første, bratte gardsvegen.
Treng nokon å køyre opp med bil, ring og avtal dette med arrangørkontakten på tlf 93043010
Pris: Gratis inngang og feltkåseri. Enkelt kaffe- og kakesal.
Arrangør:Arrangør: Dordi Kjersti Mogstad og Kristin Skrøvset Mogstad
Arrangørkontakt: Dordi Kjersti Mogstad, tlf. 93043010
Informasjon
Kle deg etter veret og for å vere ute. Låven gir ly for regn og vind, men er uisolert. Feltkåseriet foregår i engene, så ta på sko som høver til dette.