Villblomsterdag på Mogstad

12.06.2017
Dordi Kjersti Mogstad
Dordi Kjersti Mogstad

Turen går til Austistua Mogstad, og vi ser på dei vanlege blomstrane, andre planter og lauvtre i kulturmarkene kring tun og bakkar. Kanskje ser vi også litt på humler, bier og andre skapningar som lever saman med blomstrane. Til slutt tek vi ein felles matrast ute i engene.

Dette er ein kort og lett tur som passar godt for både unge og gamle, også om ein ikkje klarar å gå så langt. Turleiar er Dordi Kjersti Mogstad, seniorrådgivar i naturarvseksjonen ved Miljødirektoratet i Trondheim.

Tid Søndag 18. juni 2017 kl 13:00
Oppmøtested Ved Korsen bru, Honnstad (kl 13:00)
Varighet Ca 2 timer
Pris Gratis
Minimum antall 1
Maksimum antall Ingen øvre grense
Nedre aldersgrense Passar for alle
Påmelding og påmeldingsfrist Ingen, bare møt opp
Arrangør Dordi Kjersti Mogstad, i samarbeid med Norsk botanisk forening. For spørsmål, kontakt Dordi Kjersti på tel 93043010.
Viktig informasjon Vi blir ute heile tida, så kle deg etter veret, og ta på tursko eller støvlar. Ta gjerne med matpakke og noko å sitje på, då vi avsluttar med ein rast i blomsterenga.